Vang Turlag
Vang Turlag vart stifta av ivrige friluftsliventusiastar i Vang den 6. mars 2011, og er eit lokallag under DNT Valdres.
Vi ynskjer å få folk ut på tur og tilrettelegge og engasjere for naturopplevingar for fastbuande, hyttefolk og andre besøkjande i Vang.
Vi skal arbeide for eit enkelt, aktivt og miljøvenleg friluftsliv, og ta vare på natur- og kulturverdiar i kommunen vår.
Turkasser:
Det er sett opp 20 postar med postkasser, klyppetong og gjestebok. Desse postane er fordelt utover heile kommunen, og det blir både korte og lange turar. Sjå eiga liste over turmål.
Vi har laga eit klyppekort der du for kvart klypp samlar poeng for å ha vore innom turkassane. Er du DNT-medlem og busatt i Vang får du dette klyppekortet gratis. Er du ikkje DNT-medlem kan du kjøpe klyppekortet av oss. Om du ikkje har klyppekort kan du uansett skrive deg i gjesteboka og bli med på trekning på den måten.
Fellesturar:
Gjennom året arrangerer turlaget 4-6 fellesturar der alle som ynskjer kan vere med. Sjå i aktivitetskalenderen kva turar som er planlagt, og følg med på Facebook-sida vår der arrangementet blir lagt ut et par veker før turen.
Kanoutleige:
På Neset (ved Hemsing bru) har turlaget eit naust, og der ligg 2 kanoar som medlemmer av turlaget kan låne gratis. På sikt skal det bli eit bookingsystem hjå DNT for å låne kano, men til det er på plass er det berre å ta kontakt med nokon i styret for å få kode til naustet.
Informasjon:
Lik gjerne facebook-siden vår samtidig så får du oppdateringar om turer og aktivitetar!