Årsmeldingar

Årsmelding 2022

Årsmøtet for Vang Turlag vart gjennomført på kom-deg-ut-dagen 6.februar. Det vart aktivitetsdag med pølser, saft og kaffe i skileikområdet på Åsvang. Som tidlegare var det godt oppmøte på aktivitetsdagen med godt over 60 små og store. 

Årsmøtet vart gjennomført med fire personar, alle frå styret. 

Arne Hodne tok ikkje attval, og valnemda ved Anine R. Kattevold og Hanne Karslen, hadde innstilt Arne Sætrang som nytt styremedlem. Øvrige medlem på val tok attval. 

I styret for 2022 har Stine Solemsli vore leiar, Tor Martin Iversen vore nestleiar, Eli Belsheim sekretær og Arne Sætrang kasserar. Styremedlemmer har vore Aud Irene Hamre Rogn, Berit Nefstad, Erlend Haaverstad og  Mari Linda Gulvik. Revisorar var Arne Straum og Wenche Søndrol.

Styret har gjennom 2022 hatt fire møter, alle fysisk. Eitt av møta har vore kombinert dugnad, styremøte og middag for styret. Dugnaden var på stigen Tørpe-Tveit (etter godkjenning frå grunneigarar), og vi et god mat frå Mjøsvang Kafe på benkane i elva like ved Rogn. 30.april deltok vi på Frivilligheitsmarknaden i Vangshallen, der eit stort tal av frivillige lag og foreiningar i Vang kommune deltok. Besøkstalet var svært godt og vi fekk synt fram Vang Turlag på ein fin måte med stand og turartiklar. 

Medlemstalet i Vang Turlag i 2022 er om lag uforandra frå 2021, og ligg på om lag 250 medlem. Grunnen til at talet ikkje er eksakt, er fordi me tilbyr familiemedlemskap. 

I 2022 har vi gjennomført fleire fellesturar: 

tur til Hugakollen med om lag 30 ukrainarar frå Vang Mottak i juni

telttur til Sletningen i juli, med 14 born og vaksne

Valdresflya 2000 meters-toppar, om lag 10 deltakarar

skummeltur til Laglim i oktober, med 60-70 deltakarar

hausttur til Sløtafjellet med 35 deltakarar frå Vang Mottak

Informasjon til medlemmene har vore på www.vangturlag.org, facebook og som innstikk i Vang Menighetsblad. Turtrim med kart og turrapportar er tilgjengelege på www.vangturlag.org. Me har også hatt turrapportar i Tinderaglaren, som er medlemsblad for DNT-Valdres. Samhandlinga med DNT Valdres har vore eitt telefonmøte og elles pr epost.

Vi takkar for alle som har delteke på arrangementa og turtrimmen i 2022 og ser fram mot eit innhaldsrikt turår i 2023. 

Med venleg helsing 

Stine Solemsli

Styreleiar