Turrapport-arkiv

Her er ein kort rapport frå dei siste turane samla.

2022

Skummeltur til Laglim med Barnas Turlag

29.10.2022

Vi i Barnas Turlag ville gjenta suksessen frå i fjor og gjennomførte om lag nøyaktig same arrange-ment i år. Det var nærmare 70 personar som møtte, og mange, både store og små, hadde kledd seg ut som diverse skumle figurar. Fleire heksar lurde i skogen, medan ei heks møtte turdeltakara-ne oppe ved vegen.

Vi hadde pynta opp med lykter og masker i trea, og også i år var det heksegryte med innsekt, ed-der, galle og symjande auge for dei tøffaste.

Folk hadde med seg til grilling, og vi kosa oss lenge med leik og moro, og også i år kom ein fisk på grillen.

Tusen takk til alle som møtte opp og gjorde denne kvelden ved Laglim både magisk, skummel, artig og opplevingsrik for oss alle – ein kjempefin kveld med Barnas Turlag i Vang!

Helsing Stine, Mari Linda og Eli

Høsttur til Sløtafjellet

20.09.2022

Da yr.no hadde meldt om klar blå himmel den 20. september 2022 ble det bestemt på asylmottaket i Vang i Valdres at det skulle bli arrangert tur til Sløtafjellet. Buss ble bestilt og Vang Turlag ble kontaktet for guiding.

Startet fra Vang sentrum kl. 10 og kjørte buss inn til DNT hytta Fondsbu ved Eidsbugarden. Tok så beina fatt og gikk opp stien via Reinen ca 3.5km tur/retur. Det var en strålende fornøyd gjeng som beundret norsk natur og tok mange bilder.

Da vi kom ned igjen til Fondsbu stilte Solbjørg Kvålshaugen med kaffe og boller til alle. Returnerte med buss igjen til Vang kl 16. Det var 35 deltagere og 2 guider; Tone Lajord fra asylmottaket og Arne Sætrang fra Vang Turlag.

Takk for turen, Tone og Arne!

2000m-toppjakt fra Valdresflye

27.08.2022

Kalvehøgdemassivet fekk i dag besøk av Vang Turlag, og viste gledeleg fram kor fin Jotunheimen kan vere på tampen av august!

Vi starta frå vandrarheimen på Valdresflye i 8-tida, gjekk over Rasletind, Mugna og inn til Austre og Vestre Kalvehøgde. På Austre Kalvehøgde åt vi lunch med panoramautsikt, i vindstille og skyfritt seinsumarvêr. Nokon besøkte og Munken på tur nedatt, før vi gjekk over Raslet på veg ned mot bilane. Ein veldig fin dag i ura!

Takk for turen til sju spreke deltakarar!

Helsing frå turleiarane Erlend og Tor Martin

Familievenleg telttur til Slettningen

02-03.07.2022

Vi håper at telttur i barnehagetempo vert ein langvarig tradisjon for Vang Turlag - for det var veldig kjekt i år og!

14 små og store møtte opp på parkeringsplassen på Kyrkjestølen på laurdag. Vi gjekk den om lag 2,5 km lange turen opp og fann ein fin teltplass oppe ved Slettningen. Nokre prøvde fiskelukka i vatnet medan andre monterte telta. Vêret var varierande og med noko vind, men ungane sprang rundt og leika i telta og såg ikkje ut til å merke at det var ganske kaldt! Så vart det 5-stjerners primusmiddag og god stemning i ly av eitt av telta utover kvelden. Vi returnerte til Kyrkjestølen etter ein felles frukost på søndagen.

Takk til alle spreke ungar og vaksne for ein kjempefin tur!

Helsing frå turleiarane Stine og Tor Martin

Hugakollen

11.06.2022

Ein sprek gjeng både unge og vaksne frå Vang Mottak ville vere med på tur på Hugakollen. Vi hadde ein flott tur, sjølv om det var litt kald vind. Både oppstiginga og utsikta gjorde inntrykk, og det var godt med ei lang pause på toppen. Vinden gjorde likevel til at vi måtte returnere, og det var heldigvis litt løgnere på nedstiginga.

Takk for ein fin tur – det var kjekt å ha med nye sambygdingar til denne kjente og lett tilgjengelege toppen i Vang!

Helsing turleiarane Mari Linda og Eli

2021

Jubileumstur med Barnas Turlag

11.09.2021

I år er Barnas Turlag i Vang ti år, og det må vi sjølvsagt feire med ein tur! Det er ikkje berre berre å bestemme turmål, når det er eit hav av flotte turar å velje i. Vi fann ut at vi ville leggje jubileumsturen til eit mål i eiga kommune, og den måtte passe absolutt for alle barn, frå dei heilt små til dei ganske store. Ikkje for langt, ikkje for kort, ikkje for bratt og ikkje for kjedeleg. Det var framleis mange val, og til slutt bestemte vi oss for Vabakko. I Vabakko langt sør i Smådalen står framleis tuftene etter ein gard, der ein familie budde i mange år siste halvdel av 1800-talet, sidan Vang var overbefolka.

Dei som hadde meldt seg på turen møtte på skulen kl 10 laurdag, og så køyrde vi saman opp til Helin og vidare gjennom Smådalen. Skodda hang tungt nedover, og det byrja å regne då vi nærma oss turstart. Men det var ikkje meldt regn, og vi hadde jo stola hardt på vêrmeldinga, som hadde lova oss opphald fram til kl 15. Og nede på Øynadn var det faktisk opphald, vindstille og 13°C. Det parkerte seks bilar og det tøyt ut til saman 23 folk: 13 små og ti store. Turen inn til Vabakko er kort, berre 1,6 km, men spennande! Den går innover i fin fjellbjørkeskog og over myrer. Ganske snart kjem ein til elva Smådøla, og den må vassast over. Så då var det av med sko, opp med buksene og uti det kalde vatnet. Det var veldig lite vatn i elva, men likevel spennande å vasse over. Det er fyrst ei brei elv, så etter nokre meter kjem ei ny lita elv, ein avstikkar til hovudelva. Då alle var kome over og fått på seg turt på beina, gjekk vi vidare innover bjørkeskogen og akkurat i det ungane byrja å lure på om vi snart var framme, høyrde vi nokon fremst rope «Her er det, vi er framme!».

Vi vaksne slo oss ned rundt på det gamle tunet, og lot oss fascinere av hustuftene og tanken om at her budde det ein familie for 160 år sidan. Ungane hadde ikkje tid til å tenkje over dette; dei sette i gang med leik, store og små i same leiken, så det var ein fryd å sjå på.

Turleiarar Mari Linda og Eli med ungar hadde prøvegått turen tidlegare, og då var det ungane som fekk bestemme menyen for jubileumsturen; pølser i lompe og havregraut. Og det skulle det bli! Alle i turfølgje hadde bidrege med å bære inn litt ved kvar, så vi fekk til eit fint bål til både havregrautkoking og pølsegrilling. Menyvalet var populært, og det gjekk med nesten femti pølser og minst tretti porsjonar med havregraut. All mat er god på tur, og dette var tydelegvis ekstra godt!

Veronica introduserte oss for ein ny leik; energileiken, ein type lagleik der det var om å gjere å fange kvarandre og få flest mogleg fangar på si base. Det var vill begeistring, og då dei vaksne måtte ta seg ein velfortent kvil i graset, held ungane vidare, både med energileiken og gje-eit-lite-vink.

Turen tilbake til bilane gjekk veldig raskt. No var alle kjent på vegen, og det byrjar jo med nedoverbakke. Nokon tok av seg på beina for å kome over Smådøla, andre vassa rett over i det dei hadde på, og nokon fekk skyss på armen over. Smil og latter var det på alle, uansett! Dei siste metrane før vi kom tilbake til bilane, byrja det så smått å regne, og ved bilane kom det fleire drypp, så vi var veldig godt nøgde med timinga. Det går fint an å gå tur i regnet, men det er utvilsamt kjekkare med opphaldsvêr.

Tusen takk til alle som var med på jubileumsturen for god innsats og topp stemning!

Alle foto: Hallgrim Rogn


Beste helsing turleiarane,

Mari Linda og Eli

Kom-deg-ut-dagen til Øyre frå Skakadalen

05.09.2021

Fyrste søndag i september var nasjonal Kom-deg-ut-dag med DNT, og tre tobeinte og ein firbeint gjekk på ein «litt uvanleg, men like fullt fin tur», slik turen er omtala i boka «På tur i Valdres Vest».

Vi starta frå Bøastølane i Skakadalen, og gjekk langs deler av den T-merka stigen mot Kljåen. Etter første stigning såg vi innover Belgen, Smådalen og over på baksida av Grindane. For ein utsikt! Og toppen vart meir karakteristisk enn vi hadde trudd, med en halvkvass egg på austsida mot Belgen. Vi tok oss god tid med treg lunsj på toppen før vi returnerte same veg.

Øyre er ein topp som definitivt kan anbefalst.

Takk for turen!

Helsing turleiarane Tor Martin og Arne

Telttur til Hestebøtn

03.07 - 04.07.2021

6 voksne og 7 unger (3-10 år) tok turen innover fra parkeringa i Smådalen, med sekkene fulle av overnattingsutstyr og motivasjon for en dags marsj innover fjellet. Været var optimalt, og humøret på topp da de minste småsprang nedover bakkene mot brua over Smådøla. Vi åt lønsj på en av moreneryggene innover i dalen, og da ungene begynte å springe rundt seg selv så var det på tide å rusle videre innover. Vi fikk etterhvert selskap av tre tobeinte med fiskestang og to firebeinte som også skulle inn til Hestebotn på dagstur. Vel fremme fant vi fire fine teltplasser og tok fram fiskestengene. Det tok ikke lang tid før nest minstemann hadde fast fisk! Stor stas for fiskeren og alle andre som kom løpende for å sjå.

Hestebotn viste seg fra sin absolutt fineste side på lørdagen! Det var nesten ikke vind, nesten ikke mygg og masser av fiskevak å kaste etter.

Søndagsmorgen våkna vi til noen fjerne tordendrønn i 7-tida, og de av oss som hadde lest at værvarselet var utrygt for byger hele dagen, var nok litt spente på hvor bløt returen skulle bli. Vi fiska litt mer, åt frokost, pakka ned campen, tok det obligatoriske sjølutløserbildet, og begynte å gå akkurat i samme tidspunkt som de første dråpene kom. Vi gikk omtrent ut dalen før regnet ga seg, men på tur ned mot Smådøla kom heldigvis sola tilbake! Så da fikk vi en fin lønsj nede ved elva, med premieutdeling til alle de spreke ungene.

Takk for en fin tur!

Hilsen turlederne Stine og Tor Martin

2020

Kom-deg-ut dagen - Grindafjell

06.09.2020

Når ein skal «konkurrere» med både sauesanking, konfirmasjonar, fotballkampar og alt anna som skjer ei helg, og vermeldinga ikkje er spesielt bra, då er det veldig moro at åtte vaksne og to born likevel møter opp for å gå på tur saman opp til Grindafjellet på kom-deg-ut-dagen. På denne fjelltoppen er det også turkasse for turtrimmen vår, og det er eit svært populært turmål for både fastbuande og hyttefolk.

Vind og regn møtte oss på parkeringa ved Smådalsfjellet, og toppen av Grindadn låg i skodde. Det var regntungt rundt oss på alle kantar, så vi var samde om å starte på turen og sjå an undervegs – det er som kjent ingen skam å snu!

Få minutt over elleve var vi på tur innover stigen. Turen opp til Grindafjellet startar på ca 1150 moh, og toppen er 1724 moh. Sjølv om turen er kort, ca 3-4 km ein veg, er den likevel nokså krevjande og pulsen blir ganske høg i enkelte parti. Turen er tredelt, med fyrste tredjedel i lett og flatt terreng. Midtpartiet er i lyng, men ganske så bratt oppover til ein møter «Reinsgjerdet»; ei gjerding som skal halde tamrein på rett side av fjellet. Her fekk vi sjå ein reinsdyrflokk som beita inne i Heimstølbotten. Siste tredjedel er bratt oppover i steinur til ein kjem til topps. Heile turen er godt merka med kvite V’ar.

Vi var ikkje heldige med veret; regnet var med oss frå start og gjekk over til sludd ved Reinsgjerdet, toppen låg heile tida innhylla i lett skodde. Ei av oss valde difor å snu ved Reinsgjerdet og to halvvegs oppi ura. Men sju vaksne og ein unge følgde dei kvite V’ane og kom trygt både opp til og ned frå toppen. På toppen var det stri vind, skodde og snø – altså korkje utsikt eller matpause der denne gongen! Nede ved reinsgjerdet att fann vi oss ein fin plass i le, og her kom også sola fram medan vi kosa oss med ei lang matpause.

Turen nedatt til parkeringa gjekk i sol og vind, og om lag fire timar etter start, var vi attende ved bilane. Vi takkar for ein kjempefin tur med blide folk og stor turglede!

Helsing turleiarar for Vang Turlag, Stine Solemsli og Eli Belsheim

Blomstringstur på Kongevegen

01.06.2020

2. pinsedag deltok 28 turglade personer på blomstings- og kulturtur i Øye.

Kjentmann Oddbjørn Skeie viste veg og fortalde om både Kongevegen si historie og om Snøynudn, eingong eit husvære eller gardsbruk langs vegen.

Turen gjekk i i nydeleg skogsterreng med vakker blomstring, og 2 av deltakarane hadde med sykkel dei fortsatte på etter turen var over. Turen med guiding og besøk på gardsmuseet i Øye tok vel 5 timar, men med nydelig vær og god niste gjekk timane fort. Dei fleste returnerte bilvegen tilbake til Kroken der bilane var parkert. Oddbjørn gjekk vidare heim til seg.

Ingebjørg Laugaland, Turleiar

Kom-deg-ut-dagen på Åsvang

02.02.2020

Med ny gapahuk i skileikområdet på Åsvang, var valet av plassering av kom-deg-ut-dagen lett. Derimot er ikkje veret her i Vang alltid like lett, og dermed alltid eit spaningsmoment når det gjeld arrangement utandørs. Dagen rann med stri vind og kvitbølger på Vangsmjøsa, men det skal meir til for å skremme vangsgjeldingen frå å kome seg ut. Til og med før vi i turlaget kom til Åsvang, var det folk på plass for å delta på kom-deg-ut-dagen!

Vi fyra opp bålpanna og gjorde klart for pølseservering medan ungane sette utfor i bakkane. Og i vindkasta kom det etter kvart opp mot 70 personar! Yngstemann eit drøyt år og i bæremeis, eldstemann ein snill bestefar i full fart på rattkjelke. Det var folk frå dei fleste grendene i kommunen, og til og med bikkja i bakken var på plass.

Skileikområdet har akebakke, hoppbakke og kuleløype, og det kokte av ski- og akeglade små og store opp og ned bakkar og løyper. Full fart ned, fiskebein opp, knall og fall, øving gjer meister, hopp, trillande latter og hyl av skrekkblanda fryd når det gjekk som raskast ned unnarennet i hoppbakken.

Coop Fjellvang sponsa oss med pølser og lomper, og innunder tak i gapahuken var det lunt og godt å nyte både pølser, saft og kaffe. I le kunne ein til og med kjenne nokre varme strålar frå ei låg februarsol. Vi Vang Turlag synes det er flott å arrangere når folk er så ivrige på å kome. Tusen takk til alle som møtte opp og gjorde dagen så vellykka!

Helsing oss i Barnas Turlag, Mari Linda Guldvik og Eli Belsheim

Kom deg ut dagen 2020

2019

Sykkeltur langs gamlevegen Tyin - Årdal

01.09.2019

Det var ikkje så mange påmelde på denne turen men dei som møtte opp fekk ein fin tur med god utsikt.

Sykkelturen gjekk tur-retur frå hyttefeltet ved Sletterust til utsiktspunktet før vegen går nedover mot Øvre Årdal. Ca lengde 25 km. Sykkelturen er veldig enkel då det er liten høgdeforskjell. For dei som vil ha meir spenning er det og fullt mogleg å køyre dei ca 40 krappe svingane ned til Øvre Årdal for så å ta buss tilbake til parkeringen. For dei spreke er det også fin trim å sykle opp att, enten same vegen eller etter fylkesvegen!

Vegen er sperra i begge ender då den er noko rasutsett. Eit lite parti av vegen har rasa, men det går heilt fint å trille sykkelen forbi dette partiet.

Turen bør syklast på slutten av summaren eller tidleg på hausten då det ligg snøfonner i deler av vegen langt ut på summaren.

Vegen går i fjellsida i omlag 1000 meters høgd. Her og der er det særs bratt på sida av vegen, og på eit punkt går vegen i tunnel. Har kan det være lurt å ta med hovudlykt eller ha lys på sykkelen. Etter tunnelen ventar det etterkvart eit flott syn når fjella i Hurrungane visar seg medan du syklar. På vegens sitt høgaste punkt, 1020 moh, har du god utsikt mot det grøne Årdalsvatnet, Bøttejuvet, Hurrungane og Øvre Årdal.

Helsing frå turleiarar Simen Dølgaard og Arne Hodne.

Tur til Storehøvda med Barnas Turlag

18.08.2019

Seks par spreke barneføtter sprang rett ut i elva Ala, og venta spent på andre sida etter oss fem vaksne som måtte kjenne litt på elvevatnet før vi kunne gje oss i kast med å kome over. Elva Ala er heldigvis ikkje så djup der vi kryssa ved Langehage, men ho er brei.

På andre sida vart det ein lengre stopp for å undersøke ein finfin, liten frosk. Spennande! Deretter gjekk det i god fart oppover skogslia, og det tok ikkje lange tida før vi var oppe på Storehøvda. Stigen går gjennom ein fin fjellbjørkeskog, og hadde ungane hatt tid til å stoppe, vore det sikkert mykje å sjå på undervegs. Men spreke og ivrige, var toppen målet. Vi vaksne måtte berre henge på.

Turen er kort og barnevenleg, og på toppen får ein eit flott utsyn på tross av den korte oppstiginga. Her er det berre å drøyme seg vekk med utsyn mot både Vang og Vestre. Her hadde vi ein lang rast, og medan dei vaksne sat med kaffe, sprang ungane rundt og leika og undra seg over alt dei fann av buskar, bær og steinar. Gøymsel vart ikkje så lett med berre ein stor stein å gøyme seg bak og nokre relativt kortvakse buskar, men blindebukk funka fint.

På turen nedatt møtte vi fleire turgåarar som var komne seg ut denne dagen. Det gjekk i hopp og sprett og full sprint nedatt, og vel over Ala, kunne vi turke føtene og takke for ein fin tur.

Helsing Barnas Turlag, ved Mari Linda og Eli


Tur til Vetti gard og Vettisfossen

15.06.2019

Me var seks glade vandrarar som tok turen inn under Vettisfossen denne dagen. Turen vart brått flytta ein dag fram i tid på grunn av vermeldinga, så me hadde strålande ver. Turen inn til Vetti gard går på grusveg frå Utladalen Naturhus i Årdal, og frå Vetti gard og inn til Vettisfossen fortsetter vegen på ein sti. Vettisfossen som er det høgaste verna fossefallet i Norge har eit fritt fall på 275 meter så det er eit flott skue. Då me kom fram til Vetti gard sette me oss ned og åt maten vår, turen derifrå og inn til fossen er ikkje særleg lang så det var relativt fort gjort. På turen tilbake fant me ut at det hadde vore bedre sykle inn frå Utladalen Naturhus til Vetti gard, då det vart ganske kjedeleg å gå ut att til bilane. Men alt i alt ein kjempefin tur!

Kom-deg-ut-dagen på Eggeåsen

03.02.2019

Med rundt -20⁰C på graderstokken heime i Vang, var vi veldig spente på om det i det heile ville koma nokon til Eggeåsen på Kom deg ut-dagen. Sekken var full av 60 pølser, varm saft og kaffe og ekstra sokkeskift, og framme på Eggeåsen kunne vi konstatere at sola så vidt nådde gapahuken og grillen, og at det var litt mildare. Håpet steig.

Vi var to familier som stod for arrangementet, og ungane våre sette i gang med full iver i kuleløype og hoppbakke, vi vaksne fyra grillen og hang opp banneren til turlaget.

Så strøymde folk til, med ski og kjelker, og sekkar fulle av varm drikke og godsaker. Ungane var i alder frå tre år og opp til fjerde klasse, og alle fann tonen med kvarandre: «Vil du låne akematta mi, mens eg står på ski ned kuleløypa, kanskje?» og «Bli med her da, vi køyrer i tog!», «Løøøypeee!»

Snart var bakken full av hoiande og glade barn og vaksne, som ok på akematter, hoppa på ski, surfa på akebrett og turna rundt i bakken! Kaldt ja, men det verka ikkje til å vere noko tema for nokon andre enn oss vaksne. Vi hadde på førehand tenkt å gå ein skitur for så å slå oss til i gapahuken, men med slik iver og engasjement frå ungane, lot vi dei ha regien og vart i bakken heile tida – det var jo tross alt Barnas Turlag, dette.

Ungane leika konstant i dei tre timane arrangementet vara. Utallege turar opp og ned bakken, smil og latter heile vegen. Dei dreiv på med ein slik iver at vi vaksne også berre måtte kaste oss med i leiken, rulle rundt på akematter og heie begeistra over det eine hoppet etter det andre i hoppbakken.

Då vi samla oss til pølsefest, talte vi til 27 born og vaksne – eit særs akseptabelt tal på ein isande blå februarsundag i ei lita bygd, og i konkurranse med alt anna folk gjer når det er helg. Med varme pølser og varm drikke innabords, og også nokre varmande solstrålar, var det berre å sette i gang att med aktivitetane.

Vi i Barnas Turlag Vang takkar for eit kjempeflott oppmøte, fantastisk god stemning og imponerande innsats i akebakken!

for turlaget,

Mari Linda Guldvik og Eli Belsheim