Turtrimmen
Om turtrimmen
Det er plukka ut 20 flotte turmål i Vang som du har omlag 3 år på å besøke. Vi viser til Turhandbok for Vang for fyldig beskrivelse av turmåla.
Vang Turlag vil presisere at det er den enkelte turgåar sitt eige ansvar å finne trygt fram og attende når ein er på tur. Det er viktig å ha kart og kompass med seg på tur i fjellet. Spør gjerne kjentfolk om du er i tvil, eller vil ha gode råd.
På kvar post er det plassert ei godt synleg postkasse som inneheld klyppetong og turbok. Hugs å klyppe i klyppekortet og skriv deg inn i gjesteboka.
Pris for klyppekort
Medlem:
DNT-medlem får gratis klyppekort og kan samle poeng for kvart turmål.
Ikkje medlem:
Om du ikkje er DNT-medlem kan du få kjøpt klyppekortet av oss.
Pris for klyppekort er 200,- for enkeltmedlem og kr. 350,- for familie. Innbetalinga gjer du til vår konto 2146.40.38806.
NB! Ved betaling: Hugs å skrive på namn og adresse, og namn på den/dei du kjøper klyppekort til. Så veit vi kvar vi skal sende det!
Du kan og bruke betalingsblanketten her: Giro turtrimmen 2023-2025
Premiering
Dei 20 turane har ulik lengde og vanskegrad. Du får mest poeng på dei lengste turane.
Maksimal poengsum er 300.
For å bli premiert må du oppnå poengsum i samsvar med kor turglad du er:
Ivrig: 100 poeng
Grepa ivrig: 200 poeng
Grasalt ivrig: 300 poeng
Dei mest ivrige må altså besøkje alle turmåla for å få premie, medan andre står meir fritt til å velje turmål for å oppnå nok poeng. Det premieres etter romsleg skjønn!
Klyppekortet leverast inn/sendast til Vang Turlag når poengsum er nådd, og seinast innan 20. november 2025.
Trekning
Dei som ikkje har klyppekort kan allievel skrive seg i gjesteboka og bli med på trekning av preimer. På den måten har du vinnarhøve sjølv om du berre går ein tur!
Slettningsbu
Foto: Tor Martin Iversen
Flagget i Høre
Foto: Mari Linda Guldvik