Årsmeldingar
Årsmelding 2021
Årsmøtet for Vang Turlag var planlagt gjennomført på kom-deg-ut-dagen 7.februar, men vart pga korona utsett til 7.mars. Vi hadde planer om aktivitetsdag og feiring av Vang Turlag sitt 10 års jubileum, men også 7.mars var tiltaka slik at vi valde å avlyse og kun gjennomføre årsmøtet. Årsmøtet vart gjennomført med sju personar, alle frå styret. Vi feira med kake og fekk flott helsing frå DNT Valdres; tre reinskinn. Aud Irene fekk overrekt gåve for ti års samanhengande innsats i styret, heilt sidan oppstarten.
Valnemda ved Anine R. Kattevold og Hanne Karslen, hadde innstilt Berit Nefstad og
Erlend Haaverstad, og desse vart vald inn. I styret for 2021 har Stine Solemsli vore leiar, Tor Martin Iversen vore nestleiar, Eli Belsheim har vore sekretær og Arne Hodne har vore kasserar. Styremedlemmer har vore Aud Irene Hamre Rogn, Berit Nefstad, Erlend Haaverstad og Mari Linda Gulvik. Revisorar var Arne Straum og Wenche Søndrol.
Styret har gjennom 2021 hatt fem møter, to av dei på Teams. Eitt av møta har vore kombinert styremøte og middag for styret, som i år vart gjennomført utanfor kommunehuset.
Medlemstalet i Vang Turlag i 2021 er om lag uforandra frå 2020, og ligg på om lag 250 medlem. Grunnen til at talet ikkje er eksakt, er fordi me tilbyr familiemedlemskap.
I 2021 har vi handsama fleire saker. Styret brukar mest tid på arbeid med fellesturar, men vi har også andre saker som må handsamast. I 2021 har vi prioritert å auke trykkleiken for fellesturar ved å gå til innkjøp av samband. Turlaget har eit velutstyrt turlager. Som kanskje få kjenner til, har vi kano til utlån, i eit naust på Neset. Vi ynskjer auka bruk av denne, og forsøkte å arrangere våt-kort-kurs hausten 2021, men pga få påmeldte prøver vi på nytt i 2022, då på våren.
I 2021 har vi gjennomført fleire fellesturar, med deltakarar frå to til 60 personar:
· telttur til Hestebotn i juli
· jubileumstur Vang Turlag 10 år i august
· kom-deg-ut-dagen Øyre i september
· jubileumstur for Barnas Turlag til Vabakko i september
· skummeltur til Laglim i oktober.
Informasjon til medlemmene har vore på www.vangturlag.org, facebook og som innstikk i Vang Menighetsblad. Turtrim med kart og turrapportar er tilgjengelege på www.vangturlag.org . Me har også hatt turrapportar i Tinderaglaren, som er medlemsblad for DNT-Valdres. Samhandlinga med DNT Valdres har vore pr epost.
Vi takkar for alle som har delteke på arrangementa og turtrimmen i 2021 og ser fram mot eit innhaldsrikt turår i 2022.
Med venleg helsing
Stine Solemsli
Styreleiar