Vang Turlag vart stifta av ivrige friluftsliventusiastar i Vang den 6. mars 2011.
Me ynskjer å få folk ut på tur og tilrettelegge og engasjere for naturopplevingar for fastbuande, hyttefolk og andre besøkjande i Vang.
Me skal arbeide for eit enkelt, aktivt og miljøvenleg friluftsliv, og ta vare på natur- og kulturverdiar i kommunen vår.
Vang Turlag har vore eit lokallag tilknytt DNT, via ei samarbeidsavtale med DNT Valdres fram til juni 2025. DNT og Barnas Turlag sine medlem med folkeregistrert adresse i Vang, fekk då automatisk medlemskap i Vang Turlag.
På grunn av nye forutsetningar i DNT-systemet for lokale turlag, vedtok årsmøtet i Vang Turlag, 11. juni 2025, å ikkje inngå ny samarbeidsavtale med DNT Valdres.
Dette gjer at DNT medlem, med folkeregistert adresse i Vang, ikkje lengre får automatisk medlemskap i Vang Turlag.
Vang Turlag er eit uavhengig turlag, med eigen medlemskontingent.
Turtrimmen:
Det er sett opp 20 flotte turmål med postkasser, klyppetong og gjestebok. Desse er fordelt utover heile kommunen, og det er både korte og lange turar. Du har omlag 3 år på å besøke dei. Turhandboka for Vang, gir fyldig beskrivelse av turmåla. Sjå eiga liste over turmål.
Me har laga eit klyppekort der du for kvart klypp samlar poeng for å ha vore innom turkassane. DNT-medlem busatt i Vang (fram til 2025) og lokale turlagsmedlem får klyppekortet som ein del av medlemsavgifta. Om du ikkje har klyppekort kan du uansett skrive deg i gjesteboka og bli med på trekning på den måten.
Fellesturar:
Gjennom året arrangerer turlaget 3-4 fellesturar (vår-, sommer/haust- og vintertur) der alle som ynskjer kan vere med. Følg med på heimesidene til Vang Turlag her og på Facebook-sida vår der arrangementet blir lagt ut et par veker før turen. I tillegg legges det ut info på infoskjermene i Vang kommune.
Kanoutleige:
På Neset (ved Hemsing bru) har turlaget eit naust, og der ligg 2 kanoar som medlem av turlaget kan låne gratis. Det er berre å ta kontakt med nokon i styret for å få kode til naustet.
Informasjon:
Lik gjerne facebook-siden vår samtidig så får du oppdateringar om turer og aktivitetar!