Turtrimmen

Om turtrimmen

Det er plukka ut 20 flotte turmål i Vang som du har omlag 3 år på å besøke. Vi viser til Turhandbok for Vang for fyldig beskrivelse av turmåla. 

Vang Turlag vil presisere at det er den enkelte turgåar sitt eige ansvar å finne trygt fram og attende når ein er på tur. Det er viktig å ha kart og kompass med seg på tur i fjellet. Spør gjerne kjentfolk om du er i tvil, eller vil ha gode råd. 

På kvar post er det plassert ei godt synleg postkasse som inneheld klyppetong og turbok. Hugs å klyppe i klyppekortet og skriv deg inn i gjesteboka.

Premiering 

Dei som melder seg inn i Turlaget får tilsendt klyppekort og kan samle poeng for kvart turmål.  

Dei 20 turane har ulik lengde og vanskegrad. Du får mest poeng på dei lengste turane.

Max poeng er 300.

For å bli premiert må du oppnå poengsum i samsvar med kor turglad du er:

Ivrig: 100 poeng

Grepa ivrig: 200 poeng

Grasalt ivrig: 300 poeng

Dei mest ivrige må altså besøkje alle turmåla for å få premie, medan andre står meir fritt til å velje turmål for å oppnå nok poeng. Det premieres etter romsleg skjønn!

Klyppekortet leverast inn/sendast til Vang Turlag når poengsum er nådd, og seinast innan 20. november 2025.

Trekning

Dei som ikkje er medlem kan skrive seg i gjesteboka og blir på den måten med på trekning av preimer. På den måten har du vinnarhøve sjølv om du berre går ein tur!


Turmål

Du finn beskrivelse for alle turmåla her: Turmål 2023-2025 

Slettningsbu

Foto: Tor Martin Iversen

Flagget i Høre

Foto: Mari Linda Guldvik