6. mars 2011 vart Vang Turlag
stifta, og er no eit lokallag under DNT Valdres. Vi skal arbeide for eit enkelt, aktivt og miljøvenleg friluftsliv, og ta vare på natur- og kulturverdiar i kommunen vår. Det er sett opp 20 postar med postkasser, klyppet0ng og gjestebok. Desse postane er fordelt utover heile kommunen, og det blir
både korte og lange turar. Dei som melder seg inn i Turlaget får tilsendt klyppekort og kan samle poeng for kvart turmål. Dei som ikkje er medlem kan skrive seg i gjesteboka og blir med på trekning på den måten. |