Arkiv‎ > ‎

Vårtur på Vennis

Vennis 20. mai 2012

Det møtte opp 12 vaksne og 8 barn som fekk seg ein fint vårtur i den fine furuskogen på Vennis. 
Vi var så heldige å få Jan Sparstad til å vere guide denne dagen. 
Før turen gjekk oppover furuskogen var vi bortom og såg på Leinekvernene. Vi gjekk stølsvegen til Leinegardane oppover. Veret var på vår side, og det blei varmt og godt. Mange klepsplagg blei etterkvart til overs. 

Etter ca. to timar hadde vi kome eit stykke inn i den  karakteristiske hengedalen, Sanddalen. Der blei matpasuse i lyngen før vi gjekk vegen tilbake til bilane som stod ved Leinekvernene. 

Under kan du sjå bilder frå turen. 


Vårtur på Vennis


Vårtur på Vennis - Vist i Google Earth.

Under finn du GPX-fil som du kan bruke i din eigen GPS, og ei KMZ-fil som du kan klikke på for å sjå turen i Google Earth.
ċ
Vårtur på Vennis.gpx
(96k)
Oddvin Almenning,
20. mai 2012, 13:58
ċ
Vårtur på Vennis.kmz
(7k)
Oddvin Almenning,
20. mai 2012, 13:52