Arkiv‎ > ‎

Tur til Fuglesteg

Me var 26 stk, både små og store, som stilte opp på Joker'n på Tyinkrysset for å køyre til Fortun og gå opp til den gamle fjellgarden Fuglesteg som ligg 638 moh. 

Me køyrde om Årdal og Turtagrø for å kome oss fram til startpunktet for dagens turmål. Det var bratt og svingete på veg ned til Årdal, og det var bratt og svingete på veg opp att frå Årdal så det var ikkje heilt fritt for at nokon vart litt bilsjuke, men me kom velberga fram til Fortun alle saman. 

Me starta med friskt mot oppover bakkane, og friskt mot var greitt å ha for jammen var det bratt for det meste. Alle saman kom seg opp, og alle var einige om at det var vel verdt alle motbakkane berre å få vere på Fuglesteg. Strålande utsikt, flotte og unike hus og supert vertsskap som serverte gode hellekaker (som likna veldig på kvikako) og hadde fine "Fuglesteg T-skjorter" til salgs som ungane tenkte å ha på seg når dei skal vere med Fuglestegen på skulebussen:)

Alle var einige om at det var ein fin tur!




Tur til Fuglesteg