Arkiv‎ > ‎

Tur til Fugleberg

13 born og 8 vaksne tok turen til Fugleberg 24. juni. 

Veret var noko ustabilt med regnbyger rundt oss på alle kantar, men vi var heldige. Dei fleste møtte opp ved Klokkarhaugen og gjekk derfrå. Turen gjekk først oppover byggefeltet. Sidan Aud Irene var turleder leda ho oss like greit gjennom hagen til sine foreldre og oppover skogen.  Ho visste om eit troll oppe i skogen. 

Etterkvart kom vi opp på stien som dei fleste andre går. 

På toppen var det tid for matpause med flott utsikt. 
Regnet holdt seg unna nesten heile turen. Vi fekk litt regn før vi kom tilbake til Klokkarhaugen, men pytt, pytt - sølepytt!

Fugleberg