Arkiv‎ > ‎

Tomashelleren

Helga 24.-25.mars 2012 gjekk den fyrste fellesturen i år av stabelen. 

Tilbakemeldingane var positive, lell hadde ingen tid til å vere med oss til Tomashelleren 24.-25.mars. Kanskje må vi skulde på sein annonsering, og lovar å vere tidlegare ute neste gong! Det var i alle fall ei fantastisk helg for tur, og vi fire frå styret som gjekk, hadde det heilt strålande!

Rigmor, Dennis (uttalast Dønii) og eg, Eli, gjekk av garde frå Tyin laurdagsmorgon. Sekkane var tunge, men med moralen på topp, beina vi av garde inn i fjellheimen. Etter nokre hundre meter retning Eidsbugarden, tok vi tok brått opp til høgre. Vel oppe på toppen var det eit siste blikk attende til oppkøyrde spor og sivilisasjon, før viddene og fjellsidene var urørde og forlokkande framfor oss.

Litt småstopp undervegs for å sjekke kart (slik for ordens skuld, sjølv om både Rigmor og Dennis kjende løypa godt), samt stopp for å ta av og på feller ettersom landskapet utvikla seg, høyrer med. Då vi kom til Øyangen, vart vi overraska over kor stort råket på vatnet faktisk var, og å gå tvers over isen var heilt utelukka. Vi held oss godt innved land på vestsida, og godt var det å kom på fastland på andre sida av vatnet. Nede i Svindalen tok vi oss ei lang matpause, der all slags godsaker kom fram frå dei tunge sekkane våre. Det er verdt å bære tungt, når ein kan ha matpause i lyngen med gourmetmat av ymse slag! Dermed vart vi sittande lenge og kose oss, før vi med friskt mot tok fatt på neste etappe.

Oppover, nedover, innover lange vidder. Fjellheimen tok i mot oss på sitt vakraste, sola skein og vinden var i ryggen. Føret var hardt og Rigmor hadde nok best framdrift med sine smørefrie ski. Dennis træla med breie feller, og eg tok mine av og på, og prøvde meg på klister innimellom. Det var fånyttes, det var borte etter få minutt. Siste kneika før Tomashelleren var tung; knall hardt, isete og bratt er ingen god kombinasjon, enten ein no skal oppover eller nedover. Men opp kom vi og det var godt å ha litt fart under skia dei siste metrane til hytta.

Oddvin starta dagen frå Eidsbugarden, og vi hadde ikkje hatt kontakt med han undervegs. Han var komen fram nokre få minutt før oss! Og inne sat tre tyskarar og fyra, så vi kom omtrent til dekka bord. Etter fem og ein halv time på tur, var det unekteleg godt å få på seg turre klede, seta seg ned og få noko godt i glaset. Utpå kveldinga vart det jegergryte med reinskjøtt og alt som elles høyrer til, og Dennis hadde til og med dessert til oss! I annekset budde ein utflytt vangsgjelding med dotter og ein kamerat frå Sarpsborg. Desse måtte vi sjølvsagt invitere inn, og kvelden vart både underhaldsam og lang…

Sundag vakna vi opp til ein ny dag med strålande sol. Vinden hadde løya på morgonkvisten, og godt var det, særskild for dei seks andre som skulle vidare til Fondsbu. Vi i turlaget fekk trass alt medvind. Som seg hør og bør, unna vi oss ein lang frukost og gjorde skikkeleg reint etter oss, før vi tok fatt på vegen mot Herredalen. Ryssntjernet var trygt, så her gjekk vi beint over isen.

For ikkje å kome for tidleg heim, men nyte sola og fjellheimen, rasta vi lenge her på toppen innerst i Herredalen, før vi med skrekkblanda fryd sette utfor fjellsida ned mot dalbotnen. Alt var på vår side denne turen: no var sola stått på så lenge at det øvre snølaget var mjukna opp, og vi hadde fin styresnø heile vegen ned! Men i botnen var det då også slutt på snøen. Ei stund tok vi på og av skia, men det var framleis lenge att då vi måtte ta skia på skuldrene for godt. Nede ved Grønstølane stod ein trivelig gjeng og hadde drikke/sjokoladestasjon for oss! Takk til Ragni, Dagny Britt og Malin med ungar! Så traska vi på utover Herredalen og ned til Slettefjellbommen, og avslutta turen her, trøytte i beina og varme i andleta.

Tomashelleren