Arkiv‎ > ‎

Kom-deg-ut dagen 2020 - Grindafjell

Når ein skal «konkurrere» med både sauesanking, konfirmasjonar, fotballkampar og alt anna som skjer ei helg, og vermeldinga ikkje er spesielt bra, då er det veldig moro at åtte vaksne og to born likevel møter opp for å gå på tur saman opp til Grindafjellet på kom-deg-ut-dagen. På denne fjelltoppen er det også turkasse for turtrimmen vår, og det er eit svært populært turmål for både fastbuande og hyttefolk.  

Vind og regn møtte oss på parkeringa ved Smådalsfjellet, og toppen av Grindadn låg i skodde. Det var regntungt rundt oss på alle kantar, så vi var samde om å starte på turen og sjå an undervegs – det er som kjent ingen skam å snu!

Få minutt over elleve var vi på tur innover stigen. Turen opp til Grindafjellet startar på ca 1150 moh, og toppen er 1724 moh. Sjølv om turen er kort, ca 3-4 km ein veg, er den likevel nokså krevjande og pulsen blir ganske høg i enkelte parti. Turen er tredelt, med fyrste tredjedel i lett og flatt terreng. Midtpartiet er i lyng, men ganske så bratt oppover til ein møter «Reinsgjerdet»; ei gjerding som skal halde tamrein på rett side av fjellet. Her fekk vi sjå ein reinsdyrflokk som beita inne i Heimstølbotten. Siste tredjedel er bratt oppover i steinur til ein kjem til topps. Heile turen er godt merka med kvite V’ar.

Vi var ikkje heldige med veret; regnet var med oss frå start og gjekk over til sludd ved Reinsgjerdet, toppen låg heile tida innhylla i lett skodde. Ei av oss valde difor å snu ved Reinsgjerdet og to halvvegs oppi ura. Men sju vaksne og ein unge følgde dei kvite V’ane og kom trygt både opp til og ned frå toppen. På toppen var det stri vind, skodde og snø – altså korkje utsikt eller matpause der denne gongen! Nede ved reinsgjerdet att fann vi oss ein fin plass i le, og her kom også sola fram medan vi kosa oss med ei lang matpause.

Turen nedatt til parkeringa gjekk i sol og vind, og om lag fire timar etter start, var vi attende ved bilane. Vi takkar for ein kjempefin tur med blide folk og stor turglede!

Helsing turleiarar for Vang Turlag, Stine Solemsli og Eli Belsheim